Tysdag 26. april på KVS Lyngdal
Onsdag 27. på gardsbruket på Holt, Tvedestrand vgs
Arrangementet startar kl. 10 båe dagane.
Med høgt prisnivå og lite sannsynleg for nedgang på kort sikt gjer det enda viktigare at det ein gjer er lønsamt. Mineralgjødsla er største enkeltkostnaden i fleire kulturar og korrekt køyring og innstilling er kritisk for eit godt og jamt resultat. Feltforsøk me hadde i fjor viste god effekt av kantspreiing på avling og økonomi langs kanten. Så korleis kan ein best stille inn reiskapen som er å få kjøpt i dag? Me har invitert dei største forhandlarane i fylket til å vise fram og testkøyre sin reiskap! Det er duka for to like arrangement: tysdag 26. april på KVS Lyngdal og onsdag 27. på Tvedestrand VGS, avd. Holt. Me starter klokka 10 båe dagane. Arrangementet er gratis, ingen påmelding, enkel servering. Velkomen!