Mentorordninga i landbruket er etter kvart ei veletablert og god ordning. I Agder har vi hatt den sidan 2017. I jordbruksavtalen er det sett av middel også for 2023. No er det tid for å søke om plass i ordninga!

Er du ny eller ung bonde gjer ein du avtale med ein erfaren kollega om å vere diskusjonspartner eitt år.

  • Ung / ny bonde får hjelp av erfaren bonde!
  • Mentor og ung bonde avtaler inntil 5 treff i løpet av året. gjerne fordelt på både bruket til den unge bonden og hjå mentor. Ung bonde har spørsmål og utfordingar som han ynskjer svar på - mentor bidreg med kunnskap om produksjon, nettverk og opplegg ut frå si erfaring.
  • Mentor får dekka utgifter og betalt for tid brukt i forbindelse med rådgiving av ung / ny bonde. Ung / ny bonde får auka kunnskap om produksjon og andre sider av drifta. Ordninga er dermed gratis for ny / ung bonde.
  • Ordninga gjed både tradisjonelt landbruk og andre næringar med garden som grunnlag.
  • Ynskjer du å vere med – anten som ung/ny bonde eller mentor: send inn søknad!

Det er NLR som styrer ordninga saman med Norges Bondelag, Norsk bonde- og småbrukarlag og Innovasjon Norge.

NY søknadsfrist er 5. desember kl 0900 2022

Les meir og send inn søknad:

Mentorordninga i landbruket | Norsk Landbruksrådgiving (nlr.no)

Søk om å delta i Mentorordninga i landbruket i 2023

Søknadsskjema for ny bonde

Søknadsskjema for mentor