Ei super ordning, er responsen etter avslutningsmøte i mentorordninga for dette året også. Det er 17 par som har vore med frå Trøndelag i 2021, og tilsvarande har det vore frå dei andre fylkene. Tilbodet er gratis for deg som fersk bonde. Ordninga inneber at dei ferske bøndene har rett på inntil fem møter med mentoren som dei har gjort ein forpliktande avtale med. Gjennom ordninga får den nyetablerte bonden ein diskusjonspartnar som har sagt seg villig til å stille opp, og som får godtgjering for jobben.– Ein del søkarar ber om ein spesifikk mentor når dei søkjer, og nokre mentorar søkjer sjølv om å få vere med. Vi hjelper til å finne gode mentorer til den som ikkje kjenner nokon sjølv.

Ønsker du å bli med i ordninga? Meld din interesse i vårt enkle søknadsskjema inna 1.desember

Ønsker du å være mentor? Meld din interesse her

Vi har hatt ein prat med Julie og Christopher Weyde ferske mjølkeprodusentar i Rennebu og deira mentor Berit Haarstad Foss frå Oppdal, også mjølkeprodusent. Dei hadde ikkje kjennskap til kvarandre før dette året, men er blitt godt kjent. Dei har vore på besøk til kvarandre fleire gonger og prata mykje ku. Dette har gått greitt sjølv med covid, det er lettast når ein kan ha fysiske møter fortel dei. Dei har ikkje hatt så fast bestemt kva temaet skulle vere før kvart møte, men temaet mjølkeproduksjon inneheld så mykje og dei har diskutert alt frå korleis bruke kukontrollen som styringsverktøy, ønska avdrått, avl, oppstalling og kalveoppdrett samt oksefôring og haldvurdering.

På spørsmålet om kva Julie og Christopher har fått ut av ordninga seier dei at dei har hatt eit godt utbytte av ordninga og flott å få ein sparingspartner. Godt å få tilbakemelding på drifta og gjevande med fagleg innputt. Dei kunne ønske seg enno meir tid til kvart tema, men i ein trave kvardag er det ikkje så lett å få til. Dei held fram at det er bra å bli kjent med enno fleire produsentar og å utvide nettverket.

Med så flinke unge bønder blir også mentor utfordra fortel Berit, og det er diskusjonen som er det viktige her. Ein må stille dei rette spørsmåla til dei nye bøndene, slik at dei kan finne svara som passer dei og slik finne ut korleis dei vil ha drifta si. Berit seier det er svert givande å vere mentor, det er heller ikkje mykje arbeid, berre kos! Dette er god nettverksbygging for båe parter avsluttar ho.

Har du spørsmål om ordninga, så ta kontakt med Torhild Svisdal Mjøen som er regionkontakt for Trøndelag. Mobil 955 57 932

Mer om mentorordninga