Øystein Tholo

«HMS-rådgjevar? DU???» Ja, det var meir enn ein som hadde den reaksjonen då eg sa at eg skulle starte i ny jobb i NLR Vest!

Lessevogna fekk heile slåtten i hus på ca. halve tida eg hadde brukt med forhaustar. Det var på tide å bli meir effektiv på andre område og: 8000 liter kombi gyllevogn med boggie 600-hjul og sving på bakerste aksling… DEN måtte eg ha!

Du tenker kanskje at det ikkje er så stor vogn, men på denne tida køyrde dei fleste med Doff X3&4 eller 3000 liter Bauervogn på enkle 400 hjul. Enno ein gang fekk dei noko å snakke om i bygda. I telefonkatalogen stod eg oppført som «bonde & bygdetulling». Etter at den største skepsisen hadde lagt seg, så ramla det inn oppdrag med den nye vogna. Før eg visste ordet så gjekk det, bokstaveleg talt, døgnet rundt. Det var mykje kjekkare å køyre møk enn å mjølka kyr, men begge delar måtte gjerast.

Å MØTE DEN BERØMTE VEGGEN

Det var på dette tidspunktet eg møtte veggen for første gang i mitt liv. Ein dag midt i våronna small det. Møkakøyringa hadde pågått veker i strekk. Lite søvn, lite og feil mat, mykje røyk og kaffi, mykje stress... Ja, oppskrifta på ein smell.

Eg vakna ein morgon og klarte ikkje å komma meg ut av senga. Det gjorde ikkje vondt nokon stad, det var berre tomt. Heilt tomt: Hjertebank, kaldsvetting, svimmel, kvalm…

«Du har 36 ubesvarte anrop».

Eg måtte berre gå i hi og hente meg inn att. Ei god veke seinare begynte kroppen å fungere att, og eg slo meg til ro med at eg sikkert «berre hadde vore litt ekstra sliten». Det slo meg aldri den gangen at eg faktisk hadde hatt eit kraftig angstanfall.

I år 2000 bestemte eg meg for å selje mjølkekvoten. Det var enklare å tena til livets opphald på andre måtar. Snøbrøyting for kommunen hadde me «alltid» hatt, så den heldt eg fram med, mens eg var vektar, køyrde taxi, buss, lastebil osv.

Å MØTE VEGGEN EIN GANG TIL

Heime på garden vart det satsa på stall og hest. Løa frå 1982 vart bygd om til stall med plass til 15 hestar. Så kom eg på den «gode» ideen om å kjøpa meg ein dyrebutikk. Det å gå fra mjølkebonde til gullfiskseljar var ikkje enkelt, men det gjekk berre nokre år før eg måtte kaste inn handkledet og slå butikken konkurs. Midt oppi dette så vart det samlivsbrot, og eit lite år etter det brann heile løa mi ned til grunnen.

Livet var ikkje heilt ferdig med å vere urettferdig, så eit halvt år seinare gjekk schæferen min, Sefo, bort. Botnen var nådd, og eg kunne berre seie hei og takk for sist til min gode, gamle ven «veggen».

Livet var like trist som ein countrysang. Det tok meg over eit år å komme meg på beina att. Eit år med angst, tårer, sinne, frustrasjon, og opp- og nedturar.

Eg mista nokre «vener», og fekk ein del nye ekte vener. Den dagen eg omsider kunne setje meg bak rattet på eit vogntog og køyre over Haukeli utan å vere redd for samanbrot; ja, det var ein fantastisk dag! Eg er evig takksam for dei som hjelpte meg tilbake på alle måtar. Eg var, tross alt, heldig som hadde vener og familie som støtta meg heile tida. Det var alltid nokon eg kunne snakka med, og det var alltid nokon som lytta.

Eg tenkjer ofte på dei som ikkje er like heldige som eg. Dei som er åleine. Heilt åleine.

LIVET PÅ VEGEN

«ALLTID I VEIEN FOR DEG!» sto det på den store traktoren min. Eg var tilbake på vegen og starta eige entreprenørfirma. Massetransport, graving og brøyting. Det vart brøytekontraktar i Hardanger, med mykje snø og lange vintrar.

Eg fann ut at eg ville gje meg på topp denne gangen, og avslutta firmaet med rett farge på tala i nettbanken. Fast jobb som formann og sjåfør i eit firma som dreiv med snøbrøyting og diverse anna vegvedlikehald… det måtte vel bli bra?

Brøytinga tok heilt over livet mitt på vinterstid. Tidspress, stress, enormt ansvar, ekstremt lite søvn... Ja, du gjetta rett. Eg møtte veggen for tredje gang. Denne gangen såg eg smellen komme, men klarte ikkje å sette eiga helse framfor jobben i tide. Det var tomt… Igjen...

Men eg var heldig. Eg var gift og hadde blitt pappa til ein liten gut. Kanskje 24 år med brøytekontraktar var nok? Det var på tide å tenkje nytt.

TILBAKE TIL LANDBRUKET

Eg var misnøgd med kundeservice der eg bestilte delar til traktoren min, og fekk klar melding: «Om du trur du kan klare dette betre sjølv, så får du komma ut her med ein jobbsøknad!» Ei veke seinare var eg tilsett i AK-maskiner på Nyborg i Åsane. Det var som å komme «heim»! Å få jobbe med landbruksrelaterte ting og treffe masse kjekke folk kvar dag, det vekka bonden i meg att. Eg hadde ansvar for delelager og butikk i nesten tre år. Einaste minuset var den lange pendlarvegen på nesten to timar kvar veg.

Min gode kollega, Gunstein Dyrdal, hadde slutta i AK og begynt i NLR Vest. Ein dag eg sat i bilen på veg heim frå jobb i Åsane, ringte han meg for å preike om laust og fast. Heilt tilfeldig prata han om at det var jobbintervju på gang på kontoret der han sat. «Den jobben kunne no forresten du søkt på, Øystein.» Det gjorde eg. Eg hadde ikkje trua på at dei kom til å velge meg, men så ringte Liv meg, og sa at jobben var min. Eg var den nye HMS-rådgjevaren i NLR Vest! Sjeldan har ein biltur heim frå Åsane vore så kjekk. Eg smilte heile vegen heim.

GODT Å VERE «HEIME»

Om du les enno, så er du forhåpentlegvis blitt litt betre kjent med meg. Ein 45 år gamal 3 x veggsmellsmester og godt gift tobarnspappa med verdens beste jobb: HMS-rådgjevar i NLR Vest!

Neste gang vil eg skriva litt meir om kva jobben min består av og kvifor eg trivs så godt med det eg gjer no. I mellomtida oppmodar eg til å ha fokus på bonden som menneske, og ikkje berre som arbeidar. Som bonde er ein utsett for mykje press for tida, så ta vare på deg sjølv og andre. Ta ein kaffikopp med naboen og slå av ein prat. Det er ofte ikkje meir som skal til.

Det å gå på besøk er ikkje så skummelt som ein skulle tru 😉

Treng du hjelp til HMS-arbeidet på garden din, så ikkje nøl med å ta kontakt med meg eller mine to gode kollegaer Trude og Kolbjørn. Me er her for å hjelpa deg.

Ha ein fortsatt god og sikker sommar!

Øystein R. Tholo, HMS-rådgjevar i NLR Vest