Dag-Arne Eide

I 1984 skulle Nordfjord Forsøksring utvide frå ei til to stillingar. Den nye stillinga skulle blant anna ha fokus på økonomi. Då eg sa i frå om at eg ikkje hadde peiling på økonomi, så fekk eg jobben.

Som kjent er det krav å ha ein gjødslingsplan som til ei kvar tid skal omfatte alt areal bonden søkjer om tilskot til, og som skal vere basert på jordprøver. Jordprøvesesongen er i gang, og rundt 1000 av medlemane i NLR Vest vil få tilbod om nye jordprøver i haust.

Så kan de lure på korleis vi gjer denne jobben hjå dykk? Vi avtalar alltid på førehand før vi dukkar opp på garden. Der ynskjer vi å ta ein fagprat, gjerne med kaffi, for å vurdere behovet for nye jordprøver, og kvar desse skal takast. Gjødslingsplanen skal vere basert på jordprøver som er nyare enn 8 år. Det står ingenting om kor mange jordprøver som skal takast. Såleis er det lagt opp til godt fagleg skjønn frå rådgjevar, gjerne i samarbeid med deg som bonde, før vi tek med jordprøveboret og bytta ut på bøen. Der held vi stor fart, men vil du vere med rundt, så kom igjen!

Korleis tek vi så desse prøvene? Det er heller ikkje ein fast bestemt måte å gjere dette på. Det viktigaste er at vi tek så mange stikk på kvart skifte at jorda som til slutt kjem opp i boksen er representativ for arealet. Oftast går vi ei tilfeldig runde rundt på arealet og tek meir enn 10 stikk i jorda, samlar rikeleg med jord som blir blanda godt. Ein halv liter av dette blir fylt på kartong og sendt til analyse.

Kva finn vi så ut av desse prøvene, og korleis er samanhengen mellom innhald i jorda og ein ferdig gjødslingsplan? Jau, her kjem vi rådgjevarar inn som fagfolk! Målet er å lage ein gjødslingsplan med så billeg og miljøvennleg gjødsling som mogeleg, samstundes som du som bonde skal få ei stor og god avling. I dag, og kanskje endå meir i framtida, vil du som bonde få tilgang på ulike måtar å lage din eigen gjødslingsplan på. Ingen av desse metodane kan lage deg ein god plan utan faglege vurderingar undervegs.

Analysane av jorda fortel oss ein god del. Stort sett finn vi at innhald av fosfor er rikeleg høgt. Difor har vi fokus på å bruke så lite fosfor i gjødslinga som mogeleg, men på gardsbruk med mykje husdyrgjødsel vil vi ofte få tilført meir fosfor enn behovet til plantane.

Kalium er eit anna viktig næringsstoff. Innhaldet av kalium i jorda er svært varierande på Vestlandet. Jorda i dei indre bredalføra er svært kaliumrik, medan myrjord og ein del fastmarksjord nærare kysten er kaliumfattig. I det store og heile er det kaliuminnhaldet i jorda som er avgjerande for val av type mineralgjødsel. Mykje kalium i jorda vil gje billegare gjødsling enn på jord med lite kalium.

pH i jorda er kanskje det talet på analysebeviset du som bonde har mest forhold til. Det gjeld nemleg behovet for kalk. Vi ynskjer pH i nærleiken av 6,0 for at kulturplantane skal trivast best mogeleg, og kan gje oss god avling. Lågare pH vil ofte favorisere plantar vi ikkje ynskjer. Du kan bruke kalk med eller utan magnesium. Ofte er magnesiuminnhaldet i jorda forholdsvis lågt, gjerne kombinert med mykje kalium. Såleis tilrår vi ofte at du brukar magnesiumhaldig kalk (dolomitt).

Som du skjønar, så kjem vi innom ein del kompliserte samanhengar når vi set opp ein gjødslingsplan basert på jordprøver og tilgjengeleg husdyrgjødsel. Vi snakkar alltid med deg som bonde i planleggingsprosessen, slik at du skal føle at du får ein plan som er «din», og ikkje ein generell plan som du ikkje har eit forhold til. Såleis er det å håpe at du som bonde ynskjer å bruke oss som fagfolk på dette området også i framtida!

Treng du jordprøver? då kan du bestille dei her:

Bestillingsskjema jordprøver

Har du jordprøver, men treng ny gjødslingsplan? Då kan du bestille gjødslingsplan her:

Bestillingsskjema gjødslingsplan