Øystein Tholo

«HMS-rådgjevar? DU???» Ja, det var meir enn ein som hadde den reaksjonen då eg sa at eg skulle starte i ny jobb i NLR Vest!

«Ferie?!? Ja det er lett for deg å seie. Du som har 8 til 4-jobb og går i lyseblå penskjorte!»

Den fekk eg som fortent av ein bonde…..

Han har eit poeng sjølv om påstanden hans ikkje stemmer heilt. Eg jobbar også lange dagar. Nokre gonger tidleg - andre gonger seint. Telefonen min ringer både kveld og helg. Og den lyseblå skjorta nyttar eg stort sett berre når eg skal i møte med personar som har høgt studielån og kan mange framandord.

Eg jobbar nemleg for den norske bonden!

Likevel så oppmodar eg deg som bonde til å ta ferie. Me treng det, alle som ein.

I barndommen var ferie nesten synonymt med at wiren på gjødseltrekket rauk, eller at dyra hadde rømt frå beite. Det var alltid like spanande kor langt me kom på biltur før me måtte snu og køyre heimatt for å ordne noko på garden.

Venene mine fekk reisa til Legoland, Dyreparken, Kongeparken og syden.

På ein god dag kom me oss kanskje til Kvandal på kafé….

Ferien til ein bonde er stort sett styrt av yr.no. Veret styrer den vesle glipa med eventuell fritid ein kan bevilga seg i ei travel årstid. Nett no er det mange som ideelt sett skulle vore ferdige med 1. slåtten, fått ut husdyrgjødsla og vore klare til ein ferietur når ungane sluttar på skulen. Men det vart ikkje slik i år. Veret har ikkje spelt på lag for alle.

«Me har ikkje så mange regnbyer her på Vestlandet, men til gjengjeld så varer dei ofte nokon veker»

Kva gjer ein då om ein har bestilt ferieveke med ungane og 1. slåtten har utvikla svømmehud?

Eg har ikkje svaret på det, men eg veit at ein ting er heilt sikkert:

Me kan ikkje styra veret!


KVA ER FERIE?

Kva gjer du i ventetida fram mot sol og tørrare ver?

Det er ikkje så reint lite krefter som vert lagt ned i potten for «bekymring for været». Du kan berre slutta å bruke krefter på det. Kvar einaste kalori brukt på det er bortkasta. Bruk heller tida til å lada batteria dine. Ein treng ikkje alltid reise så langt for å kople av litt. Eg spør ofte bønder om dei dreg på ferie. Mange svarar ja på det. Når eg spør om dei klarar å kobla av, senka skuldrene og finna roen, så svarar om lag halvparten nei..

Det er ganske trist å høyra. Men kvifor er det slik? Det kjem argument som:

  • Mjølkeroboten sender meg SMS heile tida
  • Eg stolar ikkje heilt på avløysaren
  • Det er så mykje heime som eg skulle ha gjort
  • Eg har eigentleg ikkje råd til ferie
  • Det kan jo bli fint ver heime medan eg er vekkreist

Eg har dessverre ikkje oppskrifta på å løysa desse utfordringane, men eg vil frista meg til å foreslå at det ofte kan gå heilt greit å reisa vekk ei lita stund.

Gje litt slakk til avløysaren som skal drifta garden din. La vedkommande få prøva seg. Kanskje han/ho kan gjera seg fortjent til til meir tillit?

Det er er her viktigheten av å byggja seg eit nettverk med vener, naboar og fagfolk kjem inn! Du er ikkje aleine om å vera supermann. Naboen din er gjerne supermann han og?

Alt heime som du skulle ha gjort har ofte ein ting til felles: det fer ingen veg.

Dei samme prosjekta og oppgåvene har ein unik evne til å liggja der å venta på deg til du kjem heim frå ferie. Med litt flaks så kjem du tilbake med ny energi og kan gå på oppgåvene med friskt mot.

Har du egentlig råd til ikkje å dra på ferie?

Ferie er ei investering i eiga helse. Som småbarnsfar, så er nok ikkje blodtrykket mitt alltid einig i den påstanden når me er på dag éin i bilen, har køyrt i 43 minutt og får spørsmål om det er langt att og Peppa Gris har ljoma i øyra med «ALLE LIKER BLOKKFLØYTE!» medan eldstemann snart er tom for data på telefonen. Alle veit at bilete frå Instagram, Facebook og Snapchat kanskje ikkje er heilt dekkande for heile ferieturen.

Men det handlar om å skapa godebarndomsminne for dei små om du har av den sorten, men ikkje minst og gode minne for deg sjøl. Me må kunne sjå oss tilbake og sei at me alle fall gav det eit forsøk.

Og skulle det no slå til med fint ver heime , så kan det jo vera at det går bra det og?

Eg treng ikkje reisa halve verda rundt for å få ferie. Eg kan gå ned på kaien med gutungen på 8 og fiska, gå på butikken med ho på 2,5 år og kjøpa is, eller eg kan gå i garasjen og sveisa rust på ein gammal Opel.

Ein liten rusletur i skogen i «kontortida» … det er ferie det òg.

Ferie for meg er å bryta dei daglege rutinane og gjera noko eg tykkjer er kjekt. Noko som gjev meg noko tilbake. Om det er kondisjon, fisk eller betre bil eller blide ungar, er ikkje alltid så nøye. Berre eg har kosa meg og kopla av undervegs.

Om du ikkje klarar å ta ferie no, så sett av tid til det seinare i år. Berre hugs å gjera det. Ferien er nemleg litt ulik mykje anna. Den ligg ikkje å ventar på deg. Du må faktisk ta den medan du kan. Til neste år er det for seint å ta ferie i år.

Berre nemner det….

God sommar!

1
2
3