Brenner du for landbruket og har ynskje om å vera ein framtidsretta rådgjevar?

Grunna god tilgang på oppdrag søker NLR Vest etter rådgjevar i 100 % stilling innan fagområdet grovfôr. Stillinga skal dekke rådgjeving i Nordfjord/Sunnfjord, med kontor på Sandane.

Hovudoppgåva for stillinga er individuell rådgjeving i jord- og plantekultur til medlemane i NLR Vest. NLR Vest vil styrke nye fagområde, og ynskjer søkjar med interesse for og kompetanse også innan klimarådgjeving og sirkulærøkonomi.

Rådgjevaren blir tilslutta Faggruppe jordbruk, og vil arbeide i eit offensivt landbruksfagleg miljø med rådgjeving, kursverksemd, informasjon og kunnskapsutvikling. NLR Vest tilbyr bøndene tett oppfølging og rådgjeving, med fokus på god agronomi, miljø- og klimavenleg produksjon. Rådgjevarane i NLR Vest skal vere gode støttespelarar for medlemane, slik at dei oppnår eit godt økonomisk resultat i gardsdrifta.

Søkjar med lite eller ingen praksis som rådgjevar, får tilbod om opplæring og oppfølging.

Arbeidsoppgåver:

  • Rådgjeving og informasjon til medlemane våre
  • Utvikle rådgjevingstilboda i regionen saman med andre rådgjevarar og samarbeidspartnarar
  • Planlegge og gjennomføre fagmøte, kurs, prosjekt og feltforsøk
  • Utarbeide gjødselplan og jordprøvetaking
  • Vere oppdatert på siste nytt innan aktuelle fagområde

Vi tilbyr:

  • Variert og utviklande arbeid i eit aktivt fagmiljø med tru på landbruksnæringa
  • Gode høve for fagleg utvikling og etterutdanning
  • Stor grad av fleksibilitet og ansvar
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi ynskjer medarbeidar med:

  • God kunnskap og kompetanse innan jord- og plantekultur, spesielt grovfôrdyrking
  • Universitets- eller høgskuleutdanning innan agronomi/plantevitskap, gjerne med praktisk erfaring
  • Interesse for å utvikle landbruket i regionen
  • Initiativ, engasjement og gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, men også i team
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Eigen bil til disposisjon og positivt syn på ein del reiseverksemd.

Om arbeidsgiveren

Norsk Landbruksrådgiving Vest SA er eigd av omlag 4000 medlemar og er størst innan landbruksfagleg rådgjeving på Vestlandet. Vi skal vere bonden sitt fyrsteval på rådgjeving. Vi har rådgjevarar med spisskompetanse på dyrking av gras, frukt, bær, potet og grønsaker, i tillegg fleire spesialrådgjevarar innan fagområda byggteknikk, økonomi, helse, miljø og sikkerheit.

Send søknad med cv til fredrik.fjose@nlr.no eller søk via finn.no