Var det tre innblåsingar og tjue kompresjonar? Eller var det 2-30?? Skal vi blåse i det heile tatt? Korleis var det no vi skulle hindre sjokk og sirkulasjonssvikt?

Kunnskap om livreddande fyrstehjelp er ferskvare som dei fleste av oss aldri får praktisert, heldigvis. Med å repetere kunnskapen ofte, kan både du og eg redde liv dersom vi kjem midt opp i ei hending. Torer du å la vere?

I landbruket arbeider mange åleine, med høg risiko, store maskiner, store husdyr og gassfare. Det kan fort oppstå både små og store skader på garden. Din kunnskap og dine handlingar kan vere skilnad på liv og død.

Tema for kurset

  • Grunnleggande fyrstehjelp, praktisk øving i hjarte-lungeredning
  • Korleis utføre relevant fyrstehjelp på både seg sjølv og andre
  • Hjerneblødning eller hjartesvikt – symptom og handlingar
  • Korleis sikre skadestaden slik at ikkje fyrstehjelpar eller andre kjem til skade
  • Korleis kan vi betre forebygge og hindre skader i landbruket – aktuelle situasjonar

Kurset vert halde av godkjend instruktør frå våre samarbeidande bedriftshelsetenester Bedriftshelse1 og Avonova, i samarbeid med HMS-rådgjevar frå Norsk Landbruksrådgiving Vest.

Kurset er støtta frå Vestland Fylkeskommune.

Førebygging – fyrstehjelp - sjølvhjelp

Obs. Maks 15 deltakarar.

Pris:

  • Medlem i NLR kr 550,-
  • Medlem med HMS-avtale kr 450,-
  • Andre kr 750,-

Påmeldingsfrist ei veke før