Grøfting og hydroteknikk

(Oppdatert: 29.03.2016)


Godt grøfta jord er utgangspunktet for god plantevekst, best mulig avling og økonomi. Rundt 60 % av norsk jord har naturlig behov for grøfting og mange steder kan en se at grøftene ikke lenger fungerer slik de var tenkt.

Grøfting handlar om å kontrollere jordas vassinnhald og dermed å forbetre jordas dyrkingseigenskapar. Kontroll på vatnet reduserer erosjon og tap av næringsstoff.

NLR Innlandet har god erfaring med planlegging av grøfteanlegg. Vi gir råd om korleis dreneringa bør gjerast. Det gjeld vanleg grøfting, kanalisering med eventuelt pumpestasjon, forbygging mot oversvøming, profilering, omgraving og styrking av jordeigenskapar ved sandinnblanding.

  

Vi tilbyr:

  • Synfaring og vurdering av tilstand
  • Rådgiving på grøfting og hydroteknikk
  • Utarbeiding av grøfteplaner med kart og omtale av tiltak og dimensjonering av anlegget
  • Registrering av grøfter med GPS
  • Grunnlag for søknad om grøftetilskot på landbrukskontora

Skaff deg oversikt før du går i gang

Det er fornuftig å skaffe seg eit oversiktsbilete over vassituasjonen på heile jordet før ein starter opp med drenering. Gjer ein ikkje det er det fort gjort å starte tiltak som kunne vore unngått og det kostar pengar som kunne vore spart

 

Vedlikehald forlenger levetida

Drenering er også vedlikehald. Svært ofte ser ein forsumping på grunn av at utlaup ikkje er reinska opp, kanalar som sig att eller drensrøyrer som er attgrodde av slam og finstoff. Vi gir råd om tiltak for å rette opp forsømt vedlikehald som spyling eller utbetring av utlaup.

 

Grøfteplan inneheld:

  • Synfaring for grunnlag for plan
  • Planlegging og dimensjonering
  • Kostnadsoverslag
  • Kart og detaljert plan
  • Grunnlag for søknad om tilskot til grøfting

 

I samband med rådgiving innan drenering startar vi helst ute i felt for å få rett bilete av kor vatnet kjem i frå og korleis ein kan drenere det ut frå feltet. Da tek vi opp notatar og grovteiknar på kart.

Vi kan planlegge drenering der vi skriv tilråding om korleis arbeidet skal gjerast og teiknar løysinga inn på kart.

Vi gir da tilråding på rørtypar og rør-dimensjonar, grøftedjup, grøfteavstand og filtermaterial. Løysing av spesielle problem som dukkar opp blir drøfta slik som kopling til gamle grøfter eller avskjæring av blauthol.