Bakgrunn

På 1960 og 1970-talet var det ein jamn oppgang i norsk jordbærproduksjon. Vi såg ikkje same auken i bringebærproduksjonen. Jordbær er i dag den dominerande kulturen innan norsk frukt og bær. Verdien av norsk jordbærproduksjon har siste mannsalderen vore om lag dobbelt så stor som f eks verdien av norsk epleproduksjon. Om sommaren har det alltid vore sterk fokus på jordbær, som eit symbol på sommaren.

I heile verda har det vore ein auke i jordbærproduksjonen etter andre verdskrig. Årsakene til auken er mange og samansett. Nye produktive sortar har vore truleg vore viktigaste av alt. Senga Sengana var svært viktig både i Norge og elles i Europa. Auka kunnskap, nye dyrkingsteknikkar og betre plantevern har også bidrege. Bær er ei døgnvare med svært kort haldbarheit, kjøling, rask og effektiv distribusjon har derfor vore avgjerande i engrosmarknaden.

Norsk bringebærproduksjon fekk eit oppsving etter årtusenskiftet (figur 4). På 1980-1990 talet låg bringebærproduksjonen omkring 1000 tonn i året, siste 10-15 åra har gjennomsnittet vore om lag det doble. Tidlegare gjekk nesten alt til industri, no har konsumbæromsetninga teke over. Då dyrking i tunnel starta samtidig som sorten Glen Ample tok meir og meir over, fekk vi fart i salet av konsumbringebær. Glen Ample var fastare og meir haldbar enn Veten. Tunnelproduksjonen ga ein betre og jamnare kvalitet enn på friland. Det var også avgjerande at Bama/Gartnerhallen hadde vilje til å satse på konsumbringebær.

Verdens jordbærproduksjon aukar

Amerika og Europa har lange tradisjonar når det gjeld jordbærdyrking, men no aukar jordbærdyrkinga også i Asia. Kina er i dag verdas største produsent med over 3 million tonn, 3 gongar så stor som USA på andre plass. Spania er størst i Europa, men med ein produksjon mindre enn ein tiandedel av den kinesiske. Både i Europa og elles i verda aukar jordbærproduksjonen. Mykje av produksjonen har dreia over på remonterande sortar som gir ein lang sesong og store avlingar. Særleg i Europa kjem det stadig meir produksjon i tunnel og på table-top. Store investeringar krev store avlingar. Mykje av produksjonsauken kjem av auka avlingar per dekar og ikkje auka areal. Verdens jordbærproduksjon aukar, kvifor går den ned i Norge?

«Big is beautiful» eller lykkeleg som liten?

Den tidlege jordbærdyrkinga i Norge var bønder som planta litt jordbær i tillegg til ei allsidig gardsdrift. Som regel var det ungar og kårfolk som fekk ansvar for å luke og plukke. Omsetninga var ofte direktesal som ga kontantar, «cash crop» heiter det gjerne på engelsk. Etter kvart satsa enkelte bønder litt større og brukte leigd arbeidskraft. Plukking vart då lønna på akkord per kg. Dette utvikla seg, og store bærdyrkarar spesialiserte seg og kutta ut husdyrproduksjonen. Framleis var dette familiebruk, heile familien var delaktig, og avlønning skjedde ved kjøkkenbordet. Den dag i dag skjer mykje av bærproduksjonen på slike familiebruk.

Krevjande administrasjon

Det mange oppdagar er at det krev mykje administrasjon å ha 20 eller 50 tilsette. Det er ei stor utfordring når ein skal administrere så mange i løpet ein månad eller to om sommaren. I tillegg kjem auka krav frå Skatteetaten, Mattilsynet, Arbeidstilsynet, KSL og grossistane. Mykje av dette krev like mykje arbeid om du er liten eller stor.

Tidlegare var ferie eit framandord for dei som vaks opp på ein gard. I dag er dette heilt annleis. Brukaren har gjerne ein ektefelle som er i full jobb utanom bruket, og som slett ikkje er interessert i bruke ferien til å drive med bær dag og natt om sommaren. Barna vil også ofte ha ferie slik som alle andre, eller dei vil ta seg anna sommararbeid som er betre betalt.

Svært store

Sjølv om mykje av bærproduksjonen her i landet framleis skjer på familiebruk, ser ein no at vi får enkelte bærdyrkarar som er svært store i norsk målestokk. Dei største dyrkarane produserer fleire hundre tonn i året, dvs. at om lag 10-20 dyrkarar kunne dekke det norske behovet slik det er i dag. I utlandet finn ein sjølvsagt både små og store produsentar, men dei store er svært store. Det er ikkje uvanleg med enkeltbedrifter som produserer meir jordbær enn heile den samla norske produksjonen.

Det er ikkje noko mål i seg sjølv å vere stor, men ein må ha eit brukbart utkome i høve til innsatsen og trivast med det ein driv med. Dei som driv stort med titals millionar i omsetning, kan ha faste tilsette og ein profesjonell administrasjon. Dei har også høve til avløysing og ansvarsdeling slik at same person ikkje trenge å vere til stades 24 timar i døgnet.

Dei fleste gardsbruk er enkeltmannsfortak. Når produksjonen er så stor at ein kan snakke om ei bedrift, så må ein også tenke organisasjonsform. I husdyrbruket er det ein del samdrifter, i grøntsektoren er det færre. Derimot er det fleire aksjeselskap i grøntsektoren, mange av desse er store for å vere i norsk landbruk. Mange store veksthusanlegg her i landet er etter kvart aksjeselskap. Ved større investeringar i f eks tunnelproduksjon er aksjeselskap meir aktuelt.

Plantevernutfordringar

Plantevern i hagejordbær har alltid vore utfordrande. Moderne jordbærsortar har eit enormt avlingspotensiale. Det er få jord- eller hagebruksvokstrar der ein har oppnådd så stor avlingsauke gjennom sortsforelding som i jordbær. Genetikken til hagejordbær (Fragaria x ananassa) gjer dette mogleg. Markjordbær (Fragaria vesca) har ein anna genetikk som gjer det vanskeleg å oppnå genetisk framgang gjennom kryssing. Ulempa med den store framgangen i sortsforedling, er at motstandskraft mot sjukdommar og skadedyr har gått tapt på vegen.

I vårt klima er gråskimmel verste skadegjerar. Den har gitt store avlingstap opp gjennom tidene. Siste 60-70 åra har meir eller mindre gode soppmiddel vore tilgjengeleg for norske bærdyrkarar. I dag har vi fleire gode gråskimmelmiddel enn vi har hatt nokon gong. Dessverre har det dukka opp resistente stammer av gråskimmel som reduserer effekten av soppmidla. Med fornuftig og ikkje overdriven bruk av soppmiddel, så går det likevel etter måten bra.

Også andre soppar som mjøldogg og lerrote kan også gi stor skade, her er derimot skaden meir avhengig av sort. I tillegg er det ei lang rekke skadedyr som kan gjere stor skade, jordbærsnutebille, jordbærmidd, spinnmidd, trips, teger, rotsnutebiller osv. Mot jordbærsnutebilla har vi i dag ingen effektive kjemiske middel. Jordbærplanta konkurrerer dårleg med ugraset. Ugraset kan gi både mykje arbeid og avlingstap. Siste år har det generelt forsvunne fleire gode plantevernmiddel utan at vi har fått nye som erstattar dei. Dette gir både ekstra kostnader og reduserte avlingar. Dette er ein trend vi ser også elles i Europa.

Marknaden

Bær har mykje «goodwill» i marknaden. Det er mykje snakk om sunt kosthald. Særleg Gartnerhallen/Bama har gjort hatt ein stor auke i salet av bær siste 20 åra. Bringebær til konsum har utvikla seg frå null til å verte ein viktig del av vareutvalet. Det har også vore ein stor auke i engrosomsetninga av jordbær. Gartnerhallen/Bama har svært stor marknadsandel av norsk bær gjennom grossist, kanskje for stor. Sjølv om Bama og NorgesGruppen har gjort ein god jobb med bæromsetninga, så kan det også vere ein flaskehals når ein aktør har så stor marknadsandel.

Dessverre er det slik at det er ein veldig stor auke i importen av bær, også her utgjer jordbær det store volumet. Importen av bær er no større enn den norske produksjonen. Mykje av importen kjem i forkant av norsk sesong, dvs i mai-juni. Dette er ein marknad vi vanskeleg kan dekke med norsk produksjon. Juni kan vi kanskje dekke delvis med tunnelproduksjon av jordbær. Dersom ein skal få modne jordbær i mai, så må bæra truleg dyrkast i veksthus eventuelt i oppvarma tunnelar. Dette er ein svært dyr produksjon.

Ved dyrking av remonterande sortar i tunnel, kan vi få mykje jordbær i september, men det ser ut til salet av bær på hausten er tregt. I bringebær er det verre å forlenge sesongen. Dyrking av haustberande sortar vil forlenge sesongen utover hausten. Desse må dyrkast i tunnel og erfaring frå jordbær så er det ikkje noko lett sal av bær utover hausten. Ved dyrking av bringebær på såkalla langskot, kan ein til ein viss grad forskyve modningstida, men mindre enn i jordbær.

NorgesGruppen har uttalt eit mål om 50% auke i omsetninga av norske bær. Prisane på konsumbær har gått opp siste åra. Dersom kjedene vil ha meir bær, er høgare pris sjølvsagt eit effektivt tiltak, men bær er prisfølsame varer. Ved ein stor prisauke ut til forbrukar vil truleg salet butte i mot. I tillegg kjem det at folk flest no har fått mindre kjøpekraft pga generell prisauke og høgare renter. Det er jo også eit spørsmål om kor mykje bær daglegvarekjedene faktisk klarer å omsette. Mange har stilt spørsmål ved kvar taket for konsumbringebær ligg. No har bringebærproduksjonen gått litt ned i høve til toppen i 2017, så litt er det å gå på. Vi har ein liten produksjon av industribær her i landet. Prisen på industribær har sakka akterut i høve til friskkonsum. Innfrysingskostnadane har auka i takt med den generelle prisauken, så økonomien i å produsere bær til industrien er svak.

Tunneldyrking

Enkelte meiner at tunneldyrking av bær er framtida. Andre meiner at det slett ikkje er det. Dersom vi skal dekke eit større og breiare behov i marknaden må vi ha fleire ulike dyrkingsmåtar i framtida. Tunneldyrking er ikkje svaret på alt, men på nokre av utfordringane. Samtidig gir det nye utfordringar. Tunneldyrking av jordbær og bringebær i jord er ikkje så ulik frilandsdyrking. Dyrking av remonterande jordbærsortar på table-top er derimot totalt ulikt det vi kjenner frå friland:

  • Avgrensa dyrkingsmedium (substrat) medfører at vi må vatne med fullstendig næringsløysing 5-10 gongar for dag. Denne må følgjast opp nøye og tilpassast veret.
  • Remonterande sortar har blomster og bær nesten heile sesongen. Ein kan derfor i liten grad bruke kjemiske plantevernmiddel. Tak over og luftige planterekker reduserer som regel gråskimmelangrepa til eit minimum.
  • Bruk av nyttedyr mot midd og insekt er effektivt i tunnel.
  • Ugras treng ein ikkje tenke på, men ein bør halde det ryddig under borda.
  • Plantene vert skifta ut kvart år, derfor er mange sjukdommar og skadedyr eliminerte.
  • I tunnel er det veldig gode arbeidstilhøva. Arbeidsfolka er under tak og kan stå oppreist.
  • Dei tilsette vil ha meir eller mindre fast arbeid over ein lengre periode. Ein kan produsere meir bær per arbeidstakar. På den måten treng ein då færre tilsette, færre rom/sengeplassar, færre sanitærrom osv.
  • Samla kan dette gjere det enklare å skaffe stabil arbeidskraft.
  • Ein kan forsyne marknaden med jordbær av jamn kvalitet over ein lang periode.

Store investeringar er sjølvsagt den store ulempa med tunnelproduksjon. Siste åra har også råvareprisane auka noko som gjer det dyrt å etablere tunnelar, dette kan bremse investeringane framover. Store investeringar gir ofte små marginar og krev at ein har produksjonen under kontroll for å få lønnsemd i drifta. Enkelte vil nok også kritisere stor ressursbruk med tunneldyrking. Ved dyrkinga jordbær på table-top er ein avhengig av å kjøpe planter frå utlandet kvart år for å få riktig plantekvalitet. Dette er også ein produksjon som krev ny kompetanse i alle ledd. Dyrking av remonterande jordbær på table-top er ein produksjon med enormt avlingspotensiale i høve til det vi kjenner frå friland. Lykkast ein med produksjonen er det også potensiale for å lykkast med økonomien.

Tunnel bringebær 20200806
Bringebær i tunnel gir konsumbær av stabil og god kvalitet

Rammevilkåra

Rammevilkåra er avhengig av politiske vindar. Vi er avhengig av importrestriksjonar og tilskot for å kunne drive lønsamt. Dei fleste politiske parti er einige i at det bør satsast på norsk frukt og grønt. Denne sektoren får likevel ein etter måten liten del av jordbruksavtalen. Sjølv om det politiske fleirtalet har skifta, har det ikkje ført til så veldig store endringar i rammevilkåra for norsk bærproduksjon.

Den meste merkbare endringa var det Sylvi Listhaug som sto for då ho var landbruksminister. Taket på kvalitets- og distriktstilskotet vart fjerna, dette var sjølvsagt til glede for store produsentar. Samtidig vart det innført tilskot på bær til direktesal, kanskje mest til glede for små produsentar. På hennar vakt vart det også opna for import av jordbærplanter. Dette var heilt avgjerande for å kunne importere produksjonsklare planter til table-top produksjonen av jordbær. Den store ulempa med planteimport er auka risiko for å dra med sjukdommar og skadedyr. Planteimport har også gitt oss tilgang til eit enormt utval av jordbærsortar. Diverre er få av dei utprøvd i Norge, og diverre er ikkje mange av dei betre enn dei vi har erfaring med frå før. Eit større mangfald av sortar og plantekvalitetar er ein klar fordel. Mange bærdyrkarar held seg likevel til norske planter framleis for å redusere smitterisikoen.

Korleis ser framtida ut?

Det har alltid vore vanskeleg å spå om framtida. Det er ikkje lettare no enn før, sjølv om vi trur vi har stor kunnskap om alt mogleg. Data er ikkje alltid kunnskap. Endringar kan skje fort og i uventa retningar. I bærproduksjonen må vi ikkje tru at alt skal vere som før berre vi får nye plantevernmiddel og gode prisar for bæra vår. Nokså sikkert er det at bær vil ha ein viktig plass i norsk kosthald og i norsk landbruk også i framtida.

Trenden siste åra har vore aukande bærproduksjon elles i Europa og i verden, men nedgang i Norge. Samtidig snakkar både politikarar og omsetningsledda varmt om norske bær. Desse sit samtidig med makt til å betre vilkåra for norsk bærproduksjon. Marknaden for bær veks vel heller ikkje inni himmelen. Kva skal til for å gjere dyrking av bær meir attraktiv? Betre lønsemd er heilt klart mest avgjerande. Det er mykje ein kan gjere om ein tenar pengar på det. Verre er det om ein skal drive av idealisme.

Er det noko bøndene eller bærdyrkarane kan gjere sjølve? Vi ser at mange sluttar som bærdyrkarar og få startar. Dette har nok fleire og samansette årsaker. Dårleg lønsemd er viktig. For mange er det nok også vanskeleg å aldri å ha fri om sommaren. Ingen av momenta opplista i tabell 1 er uavhengig av dei andre. Det er sikkert ikkje rett for alle å starte med tunneldyrking. Vi bør kunne ha fleire ulike dyrkingsmåtar samtidig også i framtida. Det bør gå an å utnytte ein lengre sesong og fleire omsetningsmåtar. Sjølvplukk var viktig nokre få år, men gjekk så heilt av moten. I utlandet ser ein at sjølvplukk kjem litt tilbake. Rekoring og liknande omsetningsåtar kan vere med å utvide markanden og betre lønsemda.

Svakheiter styrker truslar og moglegheiter i baerproduksjon
Tabell 1. Ei oppsummering av svakheiter, styrke, truslar og moglegheiter i norsk bærproduksjon.
Baer Framtid Figur1
Figur 1. Omfanget av norsk jordbærproduksjon målt i tonn. (kjelde: Totalkalkyle for landbruket NIBO)
Baer Framtid Figur2
Figur 2. Utviklinga i bærarealet som sum av alle bærartar i Møre g Romsdal (Kjelde: Statistisk sentralbyrå)
Baerframtid Figur3
Figur 3. Utviklinga i jordbæravlingar som kg/dekar i Møre og Romsdal samanlikna med avlingane for heile landet. (Kjelde: Landbrusdirektoratet)
Baerframtid Figur4
Figur 4. Bringebærproduksjonen i Norge. (Kjelde: Landbruksdirektoratet)
Humle Bringebær 20210707 153648
Humlene gjer eit viktig arbeid i bringebær