Jordbærsnutebiller gjer stor skade i jordbær, og er verste skadegjeraren etter gråskimmel her i distriktet. Skadane er størst i Innlandet, Trøndelag og Møre. Derimot er det mindre skade rundt Oslofjorden og langs kysten. Skade på 50 % er ikkje uvanleg i enkeltfelt. I eit tilfelle vart det funne ca 70% skade i eit Saga-felt. Tidlegare var det effektive insektmiddel mot jordbærsnutebille, no har vi ingen som har merkbar verknad.

Jordbærsnutebilla legg egg i knoppen og bit av stilken bak knoppen. Skaden er veldig konkret og lett synleg, og det er lett å forstå at ein avbiten knopp ikkje gir bær. Det har vore mange idear til fysiske tiltak for å avgrense skaden. Ulike metodar for å fange billene har vore prøvd. Jordbærsnutebillene flyg berre ved temperaturar over 15-20 C, ved lavare temperaturar er dei svært lite mobile. Mobiliteten til billene er altså svært avhengig av temperaturen og dette vil påverke kor lett billene er å fange.

Når jordbærsnutebillene vert uroa, så vil dei ofte sleppe seg ned og skjule seg. Dette vil også gjere det vanskeleg å fange dei ved hjelp av f eks bankeprøve eller støvsuging. I forsøk er det viktig å kunne registrere verknaden av tiltak. Også i andre samanhengar kan det vere behov for å registrere bestanden av biller eller omfanget av skade.

Metodar for å fange jordbærsnutebiller kan vere:

  • Bøttefeller med luktstoff
  • Limfeller med luktstoff
  • «Bankeprøve/fatmetoden»
  • Støvsuging
  • Klekkefeller

Bøttefeller med luktstoff

Det er utvikla luktstoff som tiltrekker jordbærsnutebiller. Desse er som regel brukt i kombinasjon med bøttefeller (sjå bilde), men kan også brukast saman med limfeller. Jordbærsnutebillene vil flyge mot det kvitepanelet i bøttefellene og falle ned i botnen av fella. Det skal fyllast litt vatn med ein drope Zalo-såpe i fella slik at billene druknar. Ulike typar limfeller kan også kombinerast med luktstoff og plasserast ut i feltet. Dette er gule eller kvite plater eller ark med insektlim på slik at billene vert sittande fast. Dersom fellene står ute i lengre tid bør luktstoffet skiftast ein gong i månaden. Fellene kan fange biller heile sommaren så lenge billene er aktive.

Bøttefelle jordbær jordbærsnutebille 20230603
Bøttefelle delvis nedgraven mellom jordbærplantene. Luktstoff er plassert under «taket». Billene vil flyge mot det kvite panelet og falle ned i boksen under. Her er det plassert eit humlenett over for unngå at humler, mus eller liknande skal falle ned i boksen.

På ettersommaren kjem ein ny generasjon jordbærsnutbille, og det har vist seg at bøttefellene fangar fleire jordbærsnutebiller på ettersommaren enn på vår-forsommar. Bøttefeller ser ut til å vere meir effektive enn limfeller hos oss, men dette er ikkje gjort nokon grundig test på. Bøttefellene har vore brukt både i forsøk og til massefangst. Det varierer kor mange biller dei fangar.

Limark med luktstoff i ei jordbærrad 20230603
Limark med luktstoff i ei jordbærrad

Dette kan ha med veret å gjere, billene er mykje meir aktive ved høg temperatur. Ved gode fangstilhøve kan slik fangst ha ein viss effekt som massefangst, dvs ein fangar så mykje at det vil gi redusert skade og auka avling. Kanskje kan metoden utviklast, slik at den vert meir effektiv.

«Bankeprøve» eller «Fatmetoden»

I frukt er bankeprøve mykje brukt for å sjekke kor mykje ein kan finne av ulike insekt, og det er klare rutinar for korleis det skal gjennomførast. Også for å fange jordbærsnutebiller er dette prøvd. Ein brukar då eit plastkar, balje eller bakk der ein skjer ut ein halvrunding på eine sida, slik at det passar betre inn under planta. I jordbær er det føreslått å ta prøve av 30 planter og riste i 30 sekund på kvar plante. Talet biller ein fangar vil også her vere avhengig av temperaturen og kor aktive billene er. Truleg vil det også avhenge av plantestorleiken og av personen som utfører arbeidet. Det er sjeldan at to personar utfører slikt arbeid heilt likt. Billene er svært snare å sleppe seg ned når dei vert uroa, dette kan også påverke resultatet. Metoden er rask å gjennomføre og ein får svaret der og då. Med gode rutinar og ved å ta fleire prøvar per felt, så får ein eit godt bilde av kor mange aktive biller det er i feltet. Det betyr at ein raskt kan sjekke forskjellar mellom felt.

Bankeprøve jordbærsnutebille 20230604
«Bankeprøve» med eit plastbakk på ca 30 x 40 cm der det er skore ut ein halvmåne slik at det passar inn under planta. Det er lettare å sjå dei svarte billene på lys bakgrunn.
Bankeprøve resultat jordbærsnutebille 20230620
Resultat av bankeprøve. Om lag 14 biller og litt rusk.

Støvsuging

Opp gjennom tidene har det vore prøvd ulike støvsugarar eller vakumsugarar for å fange insekt både i jordbær og andre kulturar. Desse har vore meir eller mindre vellykka. Det finst til og med robotstøvsugarar som er laga til formålet. I Valldal er det i bruk ein heimelaga vakumsugar for traktor. Ved teljing av knoppar vart det registrert 25-30% fleire friske knoppar der det var støvsuga (figur 5). I Sagafeltet vart det like før støvsuging funne i gjennomsnitt 24 biller per 30 planter med bankeprøve. Etter støvsuging var det 15,5 biller i bankeprøvane. Dette kan vere usikkert, då billene som regel slepper seg ned når dei vert uroa og det kan ta tid før dei kjem opp i plantene igjen.

I tillegg er det prøvd med ein liten batteridriven støvsugarar. Denne verkar også, men er avhengig av at ein ser den enkelte bille for å kunne suge den opp. Den er derfor meir tidkrevjande å bruke. Det er heller ikkje alltid det er så lett å sjå billene. Lettast er det å sjå billene i blomstringa og når det er varmt, men då kan skaden allereie ha skjedd.

Traktorstovsugar 20220610
Billestøvsugar montert på traktor. Denne er sjølvkonstruert av Peter Arne Døving og her i sving på hans åker i Valldal.

Slik støvsuging kan brukast både til massefangst og for å registrere mengda av biller i feltet. Dei fleste støvsugarar vil suge opp mykje rusk og rask. Insekta vert som regel knust. Derfor kan det vere vanskeleg å identifisere kva som faktisk vert oppsamla. For massefangst er det sjølvsagt viktig at dette er utstyr som kan brukast på større areal og at det går raskt å køyre over. Støvsuging kan vere like effektivt mot andre insekt som mot jordbærsnutebille. Truleg vil ein også fange teger, sommarfuglar, trips og bladlus, som alle kan gjere skade i jordbær. Alle typar av insektstøvsugarar er avhengig av tørre planter. I tillegg må det vere bra temperatur for at billene skal vere aktive.

Klekkefeller

Klekkefellene vert plassert over planta og fangar billene etter kvart som dei vert aktive om våren og kryp fram frå gøymestaden. Dette er sjølvsagt best egna til å registrere mengda av biller og ikkje til massefangst. Omfattande forsøk med klekkefeller i og utanfor jordbærfelt har tidlegare vist at jordbærsnutebillene i hovudsak overvintrar i jordbærplantene og ikkje i kantvegetasjon.

Resultat bankeprøvar Valldal 2023

Sommaren 2023 vart det gjennomført ein del «bankeprøvar» for å registrere jordbærsnutebiller i Valldal. Rutinane er forklart ovanfor. Dei fleste bankeprøvane vart gjennomført hos ein dyrkar som brukte traktormontert insektstøvsugar. I to av felta vart det også gjennomført teljing av friske og avbitne knoppar. Dette var eit Polkafelt og eit Sagafelt med 400-500 m avstand mellom felta. Det var veldig stor forskjell i antal biller og omfang av skade i dei to felta. I Saga vart det funne om lag 20 biller på 30 planter, medan det i Polka var berre om lag 4 i gjennomsnitt for alle teljingane. Både tal biller og tal avbitne knoppar skulle tyde på stor skade i Saga-feltet, men avlinga kom ut på om lag 1000 kg/dekar likevel. Skilnaden mellom felta i antal biller var den same både før og etter plukkesesongen (tabell 1). Dei to felta er plassert på to ulike lokalitetar, så ut frå desse teljingane er det for lite grunnlag til å slå fast om forskjellen skuldast sort eller lokalitet. I eit Florencefelt nær Sagafeltet var det få jordbærsnutebiller før blomstring, men mange tidleg i blomstringa og etter avhausting.

Med bankeprøve vart det funne flest biller under begynnande blomstring og etter avhausting (tabell 2). Billene legg egg i knoppane, så det er naturleg at dei er mest aktive like før og første del av blomstringa då det er flest knoppar på plantene. Aktiviteten til billene er også sterkt avhengig av temperaturen. Alle dei gongane det var gjennomført bankeprøve var det sol og bra temperatur, dvs i området 18-24 C. Ut frå desse registreringane er det derfor vanskeleg å trekke nokon konklusjon om verknaden av temperatur.

Verknaden av jordbærsnutebillestøvsuging på skadeomfang
Verknaden av jordbærsnutebillestøvsuging på skadeomfang i to jordbærfelt i Valldal 2023. Felta vart støvsuga 30. mai og 4. juni 2023. Teljing av knoppar/blomster/kart vart gjennomført 20.-21. juni. Tal knoppar per meter rad er gjennomsnitt av tre forsøksruter.
Tal jordbærsnutebiller
Tal jordbærsnutebiller per 30 planter etter utviklingstadiet til jordbærplanten.

Saga

Polka

Før bærmodning

19

3

Etter avhausting

22

7

Tal jordbærsnutebiller per 30 planter registrert med bankeprøve i to felt før bærmodning og etter avhausting Valldal 2023.

Prosjektet «Alternative tiltak mot jordbærsnutebille i Møre og Romsdal» er finansiert av Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Prydjordbær
Jordbærsnutebilla kan også gjere skade i prydjordbær