Om undersøkinga

Utvalet av rundballane me vegde varierte frå 335 kg til 1002 kg pr rundball. Dei fleste låg mellom 600-900 kg. Snittvekta på rundballen var 668 kg. Surfôrballane var tyngre enn «høyensilasjeballane». Snittvekta på surfôrballane var 760 kg med ein variasjon frå 446-1002 kg. Tørrstoffet i ballane var i snitt 36%, med ein variasjon frå 25-50%. Energikonsentrasjonen var i snitt 0,85 FEm på surfôret med ein variasjon frå 0,75-0,92FEm/kg TS. Høyensilasje ballane var om lag 250 kg lettare, med ei snittvekt på 519 kg. Snittvekta på høyensilasjeballane varierte frå 335-822 kg. Tørrstoffet i dei var høgare med snitt på 62% TS og ein variasjon frå 51%-78%. Energikonsentrasjonen var 0,83 FEm/kg TS, som er 0,02 FEm/kg TS lågare enn i surfôret. Denne reduksjonen var mykje mindre enn forventa. Høyensilasjen varierte mellom 0,71-0,93 FEm.

Anslå endra tørrstoff og vekt i eigne rundballar

Tørrare fôr gjev oss som forventa lettare ballar og mindre slitasje på maskiner og ustyr. Vekta på rundballane i vår undersøking endra seg med om lag 15 kg pr prosentpoeng tørrstoffendring. Endra tørrstoffet seg frå 30 til 40 % tørrstoff, endra snittvekta seg frå 900 til 750 kg/ball.

Figur Vekt rundball og ts
Figur 1: Syner snittvekter og TS% på rundballane hjå bøndene i undersøkinga

Det er stor spreiing i grafen. Det skuldast truleg ulike presser, alder, innstilling, sjåfør osv. Men for den einskilde bonde er det truleg mogeleg å parallelforskyve trendlinja til den ligg oppå sin blå «prikk».

Den forflytta trendlinja vil då kunne vere utgangpunktet for å finne forventa endring i innhaldet på eigne rundballar etter kvart som tørrstoff og vekt endrar seg.

Tabell 1:

Tiltak

Ca. endring i vekt pr ball

Auka TS % med 10%

Auka TS % med 1%

- 150 kg vekt på ballen

- 15 kg vekt på ballen

Mest fôreiningar i rundballen ved 55% tørrstoff

Høgt tørrstoffopptak hjå drøvtyggjaren krev eit «passe tørt» grovfôr. Ofte gjer me råd på rundt 30-35% TS for maks foropptak basert på gjennomsnittleg energikonsentrasjon på fôrprøver i Noreg. Sentrale fôringsrådgjevarar meiner at tidlegare slått gras (høgare FEm) kan vere tørrare og likevel gje like høgt grovfôropptak.

For mange bønder er det viktig økonomisk å få inn mest mogeleg fôr i kvar rundball. Undersøkinga vår (Fig. 2) viser at det vert mest grovfôr i ballen ved 55% tørrstoff. I godvêr på Austlandet kan dette vere mogeleg på 1,5-2 dagar ved godt tørkevær. Ved 80% tørrstoff (nesten lagringstørt høy) er faktisk innhaldet i rundballen om lag likt med innhaldet rundt 30% tørrstoff.

F Em pr ball
Figur 2: Den raude «trendlinja» syner oss middel FEm/rundball ved ulikt tørrstoffinnhald. FEm/rundball aukar fram til 55% tørrstoff før det deretter gradvis vert redusert.

Dess tørrare rundballen er, dess lågare er auken i tal FEm pr ball.

Tabell 2:

Tiltak

Tørrstoffnivå

Ca. endring i FEm pr ball

Auka TS med 1%

20-40% TS

+5 FEm

Auka TS med 1%

40-55% TS

+2 FEm

Auka TS med 1%

55-80% TS

-3,5 FEm


FEm-innhaldet i rundballen går ned og vert faktisk negativ når graset er svært tørt. Dette trur me har følgjande årsakar:

  • den som lagar svært tørt fôr haustar graset på eit seinare utviklingstrinn med lågare FEm konsentrasjon.
  • hard mekanisk behandling frå river ol. fører til større tap av næringsrik bladmasse i form av drysstap, noko hushaldningselskapet i Sverige har dokumentert godt.

Risiko for tap på jordet

Hans Hedström hjå Hushållningssällskapet i Sverige har utarbeidd rekneverktøy (Grovfoderverktyget) for å rekne ut tap i ulike slått- og fôrhandteringssystem. Rask fortørking er best. Det oppnår du ved godt vær, formiddagsslått når dogget er borte og umiddelbar breispredning. Eventuelle vendingar bør kome allereie fyrste dag. Færre vendingar av graset reduserer drysstapet. Bruk gjerne samleriva som «siste» vendinga av graset 1-3 timar før pressing. Høgare tørrstoffinnhald i graset gjev eit større tap enn lågt tørrstoffinnhald (Tabell 3). Ved å auke tørrstoffinnhaldet frå 30 til 50 % aukar tapet frå 2 til 6%.

Beregna tap av ts avling
Tabell 3: Syner berekna tap av tørrstoffavling ved ulik tørrstoff% i graset ved innkøyring av graset.

Lang tørketid aukar tørrstofftapet samanlikna med kort tørketid (Tabell 4). Rask fortørk er viktigare jo varmare det er i været. Det er høgast andingstap i starten rett etter slått. Tiltak for rask fortørk er derfor gunstig for å ta vare på grovfôrkvaliteten. Greier du naudsynt fortørk på 1 døgn forventar me 2-3% tørrstofftap. Ventar du 3 dagar frå slått til berging kan me forvente 4-5% tap.

TS tap pr grader
Tabell 4: Syner tapet av tørrstoffavling ved ulikt antal dagar og døgntemperaturar mellom slått og innkjøring av graset.

Rett strategi og tiltak ute på jordet er avgjerande for å få minst mogeleg tap og størst mogeleg avling av best mogeleg kvalitet.

Høgare fôreiningskonsentrasjon gjev endå meir fôr i ballen

Høg fôreiningskonsentrasjon gjev oss fleire FEm i rundballen enn eit grovfôr med lågare foreiningskonsentrasjon. Eit tidleg slått gras med mykje bladmasse og høg fôreiningskonsentrasjon er lettare å presse saman enn eit gras med mykje stengel. Ein auka FEm-konsentrasjon frå 0,80 til til 0,90 FEm/kg TS aukar innhaldet i rundballen med om lag 40FEm i undersøkelsen vår. Undersøkinga syner altså at når fôrkonsentrasjon aukar med 0,01 FEm/kg TS aukar innhaldet i ballen med 4 FEm i snitt.

Tabell 5:

Energikonsentrasjon

FEm/kg TS

Endring pr 0,01 FEm/kg TS

Høg

≥ 0,90

+- 10-20 FEm

Middels

0,83-0,89

+- 5-10 FEm

Låg

<0,83

+- 2-3 FEm

Snitt for heile gruppa

+- 4FEm


Splittar me vårt talgrunnlag i høg-, middels- og lågenergi grovfôr aukar innhaldet i rundballane med høgenergigrovfôr betydeleg meir enn middels- og lågenergigrovfôr. På høgenergigrovfôret er denne auken 10-20 FEm pr 0,01 FEm/kg TS endring. Det er 2-4 gonger høgare enn snitt tala for heile gruppa. Lågenergifôret endrar seg med berre 2-3 FEm. Me understrekar at talgrunnlaget blir noko tynt når me splittar det opp i mange grupper. Likevel meiner me at om du har høgenergigrovfôr så aukar innhaldet i ballen meir enn på middels- og lågenergigrovfôr.

Konklusjon med gardseksempel:

Ein bonde har tradisjonelt 100 000 FEm som skal pressast i rundball. Normalt har han 200 FEm/ball med 30% tørrstoff(TS), og foreiningskonsentrasjon(FEm) på 0,87 FEm/kg tørrstoff. Potensielt kan han auke TS til 55%, og FEm/Kg TS frå 0,87 til 0,93. Tiltaka aukar teoretisk innhaldet i rundballen frå 200 FEm til 346 FEm basert på våre undersøkingar. Han får slik 42% færre rundballar og 42% lågare plastkostnader, transportkostnader.

Me i NLR kan hjelpe deg med å nå målet. Meld deg på vår kampanje «Gjør gull av grovfôret ditt»

Påmeldingsfrist 15. februar