1. Oversikt: kart

På møte eller telefon opplyser bonden om ny eller utgått leigejord samt evt. nydyrka areal som skal inn i gjødselplanen. Det er viktig at all innmark det vert søkt produksjonstilskot på er med i gjødselplanen.

Skifteplan illustrasjon

2. Jordbanken: pH og næringsstoff

Visst det er tatt nye jordanalysar siste året tek me ein ekstra kikk på disse. Det er nyttig å samanlikna resultatet med prøvane som vart tatt for 5år sidan for å sjå korleis utviklinga i pH har vore på heile garden.

I tillegg til å sjå på pH tek me hensyn til moldinnhald og innhald av næringsstoffa fosfor og kalium når me vurderer kva jorda kan bidra med til planteveksten. Fjorårets vekst spelar òg ei rolle. Til dømes vil me setja opp ei meir forsiktig nitrogengjødsling til ein kornåker der det har vore eng, enn der det vert dyrka korn år etter år.

Kalking fitjargarden foto turid fitjar 15
Behov for kalk: Det er nyttig å samanlikna nye jordprøvar med prøvane som vart tatt for 5år sidan for å sjå korleis utviklinga i pH har vore på heile garden.

3. Næringsbehov: N, P og K

Næringsbehovet vert påverka av kva me vil dyrka og kor stor avling me forventar. Til eng må me i tillegg fordela gjødsla til rett tal slåttar.

Kornbonden har ofte avlingsregistrering frå i fjor som me kan ta utgongspunkt i når me fornyar gjødselplanen. I gjødselplanar til eng kan avling vera ei stor feilkjelda. Me planlegg for størst avling der enga er ny og pH er god. Fôranalysar kan vera svært nyttig for å vurdera korleis me traff med gjødslinga i fjor og justera årets plan utifrå dette.

Skifteplan illustrasjon 2
Behov for gjødsel: Me korrigerer gjødslinga utifrå jordanalysar og forventa avling.

4. Husdyrgjødsel: gardens ressursar

Husdyrgjødsel fordelar me utifrå tilgjengelig mengde og areal. Den rimeligste gjødslinga får me visst me prioriterer husdyrgjødsel frå drøytyggarar til enga og husdyrgjødsel frå gris i beite eller til kornåkeren.

5. Mineralgjødsel: kroner per dekar

Val av gjødselslag vert påverka av jordanalysar, vekst og pris. Målet er å dekkja veksten sitt behov på den rimeligaste måten, utan unødvendig belastning på miljø. Me har oppdaterte gjødselprisar inne i programvaren vår, så me kan vurdera ulike gjødselslag utifrå gjødselkostnad per dekar.

Plan klar før sesong: me jobbar så fort me kan!

Forskrift for gjødselplanlegging krev at ny gjødselplan skal utarbeidast før kvar sesong. Du kan abonnere på denne tenesta hos NLR, slik at me tek kontakt med deg før kvar sesong for å fornya gjødselplanen.

Skal du ha KSL-revisjon før sesongen skal det vera godt nok å visa fram planen frå i fjor.

Skal du kjøpa gjødsel no og ikkje har fått gjødselplanen endå anbefalar me å bruka innkjøpslista frå i fjor med mindre det er store endringar i areal eller tilgjengelig husdyrgjødsel. Ta kontakt visst du treng gjødselplanen med ein gong.