Om rapporten

I denne rapporten har vi med hjelp av vegetasjonskartlegging prøvd å vise kva beiteressursar Aursdalen i Kvinnherad kommune har.

Vegetasjonskartlegging

Vegetasjonskart gjev eit bilete av den mosaikken av vegetasjonstypar som det naturlege plante- dekket består av. Ein vegetasjonstype er ei karakteristisk samling planteartar som vil gå att på lokalitetar med like veksetilhøve. Ei oversikt over utbreiinga av vegetasjonstypar gjev oss på denne måten informasjon også om variasjonen i økologiske faktorar (klima, næring og vatn i jorda, snø- dekke og kulturpåverknad) i eit område. I tillegg kan kvar vegetasjonstype tilleggast eigenskapar med omsyn til ulik ressursutnytting og bruk (beite, slitestyrke for ferdsel, artsmangfald m.m.).

Aursdalen foto lars kjetil flesland 6
Lavhei vest for Verhardevatnet: På bilete ser vi fjellkrekling, blokkebær, rypebær og grå reinlav. Foto: Lars Kjetil Flesland

Aursdalen: beite til sau

I Aursdalen er det kartlagt i alt 3732 dekar. Den dominerande vegetasjonstypen er ein mosaikk mellom rishei av blåbærtypen og høgstaudeeng. Denne gir godt grunnlag for beiting, særleg for småfe. Tilkomst og topografi gjer området mindre tilgjengeleg for storfe. I dette arbeidet er det difor beite for sau som er kartlagt. Med dette som grunnlag, er eit passandetal på beitedyr berekna til mellom 163 og 256 sauer, - godt beite.

Aursdalen foto lars kjetil flesland 5
Godt beite: Rapporten konkluderer med at eit passande tal dyr på beite er mellom 163 og 256 sau. Sau og lam i Såtelikultane. Foto: Lars Kjetil Flesland
Aursdalen foto lars kjetil flesland 1
Foto: Lars Kjetil Flesland
Aursdalen foto lars kjetil flesland 2
Foto: Lars Kjetil Flesland
Aursdalen foto lars kjetil flesland 3
Foto: Lars Kjetil Flesland
Aursdalen foto lars kjetil flesland 4
Foto: Lars Kjetil Flesland
Aursdalen foto lars kjetil flesland 5
Foto: Lars Kjetil Flesland
Aursdalen foto lars kjetil flesland 6
Foto: Lars Kjetil Flesland
Aursdalen foto lars kjetil flesland 7
Foto: Lars Kjetil Flesland