Fokus i klimarådgjevinga for sauehald

Det vert minst utslepp av klimagassar frå gardsdrifta når ressursane på garden vert nytta best mogleg. I sauehaldet er gode vårbeite viktig for tilvekst om våren. God tilvekst om våren ser vi igjen på haustvektene. I eit klimafyrsteråd kan synfaring av vårbeita vere aktuelt. Du og rådgjevar drøftar ulike tiltak, som tyning av ugras, kalking, gjødsling, beiteplanlegging eller anna, og det er du som avgjer kva for tiltak som er aktuelle for deg og di drift.

Det kan også vere aktuelt med synfaring av enga og vurdering av jordstruktur, plantesamansetnad, ugras, kalking, gjødsling, slåttetidspunkt m.m.

I tillegg til fokus på vekst og kvalitet på beite og eng, må vi i klimarådgjevinga ha fokus på dyrevelferd. Friske dyr, lite sjukdom og lite tap av sauer og lam gjev best økonomi i drifta, og også minst klimagassutslepp per produsert kg kjøt. Fleire tiltak for å redusere sjukdom og tap av dyr kan vere aktuelle å ta med i klimahandlingsplanen.

Mal 1 Klimavenleg drift
Mål 1: gode beite

Innhald i NLR Klimarådgiving

Bestiller du NLR Klimarådgiving vil du bli kontakta av ein av klimarådgjevarane. Klimarådgjevaren og du drøfter korleis klimarådet skal gjennomførast. Ofte er det aktuelt med eit besøk i vekstsesongen for å vurdere og drøfte tiltak for betre graskvalitet og vekst på eng og beite. Utslepp av klimagassar frå gardsdrifta vert rekna ut ved hjelp av Klimakalkulatoren. Før utrekningane må du logge deg på Klimakalkulatoren, godkjenne rådgjevar og godkjenne overføring av data frå ulike kjelder. Rådgjevar kan hjelpe deg med dette. I rådgjevingsmøtet drøfter de tiltak for å betre drifta og for å redusere klimagassutsleppa. Ofte vil desse tiltaka også betre lønsemda i produksjonen. Rådgjevaren set opp tiltaka i ein klimahandlingsplan som vert sendt til deg etter møtet. Kostnadene med NLR Klimarådgiving får du dekt ved å søke om tilskot gjennom regionalt miljøprogram, RMP-ordninga, med frist 15. oktober.

Mal 2 Klimavenleg drift
Mål 2: mest mogleg eigenprodusert grovfôr av god kvalitet.

Din klimarekneskap viktig for heile det norske landbruket

Klimaplan kjem for alle. Store føretak som til dømes dei du leverer slakt til, skriv kvart år ein berekraftsrapport som viser korleis verksemda jobbar med å nå FN sine berekraftsmål i heile verdikjeda, frå jord til bord. Eitt av berekraftsmåla er reduksjon av utslepp av klimagassar. Det finst få opplysningar om klimagassutslepp frå norsk husdyrhald, og i berekraftsrapportane må slakteria nytte data frå utanlandske undersøkingar når dei set opp rekneskapen, mellom anna for norsk kjøtproduksjon. Mykje tyder på at klimagassutsleppa er lågare frå norsk storfe- og småfeproduksjon, samanlikna med tilsvarande produksjon i utlandet. Mellom anna går den norske sauen ute minst halve året og haustar sitt eige fôr. Det gjev lite klima-avtrykk, og det er fantastisk at lammekjøtet i stor grad er produsert på utmarksressursar som ingen andre enn ville hjortedyr, og ammekyr klarer å lage kjøt og protein på.

Mal 3 Klimavenleg drift
Mål 3: God dyrevelferd.

Klimakalkulatoren

Klimakalkulatoren er eit verktøy for å dokumentere klimagassutslepp frå norske gardsbruk. Kalkulatoren er utvikla av Landbrukets klimaselskap, og jo fleire bønder som tek Klimakalkulatoren i bruk, jo sikrare tal får vi for klimagassutslepp frå norsk landbruksproduksjon. Klimakalkulatoren er enno ikkje perfekt, men den er det beste verktøyet vi har, og den vert stadig forbetra og utvikla vidare. Når mange nok har nytta seg av Klimakalkulatoren og rekna ut klimagassutslepp frå sin gard, kan varemottakarane nytte norske tal i sine rapportar, og vi får eit betre og meir rett bilete av klimagassutslepp frå norsk landbruk. Når du har gjort utrekningar for di gardsdrift, kan du samanlikne klimagassutslepp frå din gard med gjennomsnittet av tilsvarande gardar, både frå heile landet og frå din region.

Meir informasjon om NLR Klimarådgiving på våre nettsider: Klima | Norsk Landbruksrådgiving (nlr.no)

Her kan du også bestille NLR Klimaråd Klima | Norsk Landbruksrådgiving (nlr.no)