I det siste året har det vore mykje fokus rundt dei auka kostnadene i landbruket, medan inntektene stort sett har vore uforandra. Dei fleste bøndene har fått auka inntektsgapet til andre grupper i samfunnet. Mange bønder er usikre på framtida og investerer derfor lite. Dei fleste i næringa venter spent på kva jordbruksoppgjeret i 2022 vil gje i reell inntektsauke og signal for åra som kjem.
Har du likevel tankar om større eller mindre investering kan det vere «lurt» å søke i 2022. Innovasjon Norge har hatt ein nedgang i søknadar samanlikna med 2021 – og alt tyder på at det vil vere middel tilgjengeleg i alle fall til tideleg haust. I 2021 var «potten» tom alt i mai.
Dei fleste husdyrslag og planteproduksjonar kan få finansiering, unntaket er kraftfôrkrevjande produksjonar så som gris, kylling, egg. mm der det er restriksjonar.
Tenkjer du at det er aktuelt å søke skal Innovasjon Norge ha med ein del opplysningar om deg og drifta.
I større saker vil Innovasjon Norge ha med:
- Teknisk plan med kostnadsoverslag eller tilbod
- Driftsplan / vurdering av lønsemd
- Skattemelding, næringsoppgåve og landbruksskjema for siste år (skattemelding også for ektefelle/sambuar)
- Evt. godkjent byggemelding,
- Evt. leigeavtalar for jord, mjølkekvote mm
Skal du søke lån i lokal bank må du sende med lånetilsegn, søker du lån i Innovasjon Norge må du legge ved takst.
Vi hjelper til med å lage komplett søknad til Innovasjon Norge.